God kjemi heile dagen

Onsdag var det blokkdag i kjemi

Vi er allereie halvveis i ei ny veke og onsdagen startar med elevøving for åtte morgonfriske kjemi 1-elevar. På periodeplanen står elevøving nr 2 der alle skal lære å lage løysingar med rett konsentrasjon.

Gjennom øvinga blir elevane også kjent med mykje nytt utstyr og dei lærer å jobbe nøyaktig. Elevøving er eit fint avbrekk innimellom teori og rekning, men så må rapporten skrivast…. Det gjekk heldigvis bra det også.

Heldige meg som får vere lærar for så flittige og kjekke elevar.

Bjørg

IMG_7134.jpg
IMG_7138.jpg
IMG_7145.jpg
Frode Bøthun