Full fart i Hodlekve

Når det ser ut som våren kjem for fullt lavar plutseleg snøen ned igjen. Bygda blir kvit og ein kan slenge seg i bilen for å sette nye svingar i puddersnøen på fjellet eller i eit av skitrekka i næleiken. Glade skientusiastar fylte laurdag blåbilen og satte kursen mot Hodlekve.

Fine løyper, gode forhold, fint vær og topp stemning. Når heisen stoppa å gå og kroppane var utslitne var det deilig å synke ned i bilsete og køyre heim til Sygna att. Å få kvile augne på desse vakre Balestrandfjella bada i vintersol var ei verdig avslutning på ein god dag.

54516323_2121913704564317_256537374387863552_n.jpg
Elisabeth Nessa