Full fart dagen før dagen

Det er få kvileskjær på Sygna.

Russen har det hektisk no om dagen, og er på oppløpssida på fleire plan. 16. mai var det 3000-meter test på Kreklingen stadion for idrettsfagelevar. I eit strålande maivêr gav dei alt, og litt til. Det vart fleire herlege duellar på tartandekket, der taktikk og spurteigenskapar til sjuande og sist vart avgjerande.

Mange gode tider

For dei som har lyst å teste seg mot tidene til elevane, kan vi røpe at bestemann fekk 10,25. Hjå jentene vart bestetida solide 11,58 på 3000-meter.

Eirik Thue