Første steget mot eit langt venskap

Det tok ikkje lang tid før vi vart varme i trøya.

Elevane i VG1, altså kunst, design og arkitektur, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, og studiespesialisering, vart alt andre dagen på Sygna sende med buss innover Sognefjorden. Bussen stogga ikkje før vi såg Hafslovatnet, og leirplassen Lyngmo.
Lyngmo er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og Sogn og Fjordane Indremisjon og står i dag fram i ei moderne drakt, og er ein perfekt arena for ein samanristingstur.

Tett program

Delar av miljøteamet på Sygna var med på ferda, og dei hadde sydd saman eit program som gjorde at vi alle vart betre kjende. Den nervøse tilnærminga forsvann fort, og i løpet av nokre hektiske timar vart nye band knytte.

Etter ein ettermiddag, ein kveld, ei natt og ein føremiddag i Luster kommune, kan vi slå fast at det er ein super gjeng som no tek til på sitt første år på Sygna. Vi gler oss til mange fine stunder framover.


Eirik Thue