Evangeliesenteret på besøk

Denne veka var det evangeliesenteret som kom på besøk på torsdagsmøtet. Dei stilte mannssterke opp, og ga oss mange flotte opplevingar. Det blei latter og tårer, og mykje sang, med dyktige musikarar. Fleire delte sine historier om rusbakgrunnen, og korleis dei fekk eit radikalt møte med Jesus, og blei sett fri; frå både synd og rus! Møtesalen på Sygna var fullsett; for mange av elevane er dette eit av høgdepunkta i året. Og det kan ein forstå! Vi håpar dei kjem tilbake neste år.

15568.jpg
Frode Bøthun