Entreprenørskap og bedriftsutvikling - nytt fag på Sygna

Dette skuleåret har Sygna starta opp programfaget Entrepenørskap og bedriftsutvikling. Entrepenørskap og bedriftsutvikling skal auke kompetansen om korleis ein etablerer ei verksemd og korleis den vert driven og utvikla. Samtidig skal faget auke forståinga for etiske og miljømessige konsekvensar ved næringsverksemd. Elevane skal lære også lære om leiing, økonomi, marknadsføring, salg og personalpolitikk.

Dette er i stor grad eit praktisk fag, der elevane skal utvikle ein idè og lage si eiga bedrift

Tidleg onsdag morgon reiste Sygna si eiga ungdomsbedrift, Brettspel UB til Høyanger vgs for å delta på kurs. I Høyanger møtte elevane ein stor gjeng andre elevar som også driv ungdomsbedrift. I kantina på Høyanger vgs blei elevane først kursa i leiing og marknadsføring av Kjell Bjordan frå Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Neste del av kurset var det NAV som stod for og det handla om inkluderande arbeidsliv i ungdomsbedrifter. Til slutt fekk dei ein liten introduksjon til økonomi og rekneskap.



Frode Bøthun