Elevar tok skikkeleg tak

Vi på Sygna har flotte idrettsanlegg og eit rikt nett av stiar rundt oss.

Det krev mange timar med dugnadsinnsats for å halda oppe kvaliteten på desse anlegga. For å gje tilbake litt til Balestrand og bygda, som takk for at elevar og tilsette får leika seg i eit flott nærområde, bretta elevar på idrettsfag opp ermane og gjekk laus på ei omfattande vårreingjering.

Bos og gummikuler

Ein lang vinter er over og når snøen dampar vekk kjem gamle synder fram i lyset att. Bos vart plukka, gummikuler sopte på plass, fotballmål-nett stramma opp, greiner trimma, gapahuk vaska og tre vart felte. Innsatsen var på topp, og etter nokre hektiske skuletimar var mykje gjort.

No står stiar og anlegg fram i ei frisk vårdrakt, klare til meir moro.

Takk for innsatsen.

Eirik Thue