Ein smakebit av kva som ventar

Korleis ser det ut på Sygna? Kva har Balestrand å by på ?

Skulestart nærmar seg, og vi her på Sygna gler oss til at våre flotte elevar er på plass att i Balestrand.

Film
For nye elevar er det ekstra spenning å ta til på ein vidaregåande skule. Nokon har vore på Sygna tidlegare, medan andre ikkje har vore innom skulen her i Sogn. Vi har difor laga filmsnuttar som gir eit lite bilete av korleis det ser ut på Sygna og i Balestrand.

Følg oss

Ønskjer du å sjå fleire filmar om elevar, skulen og bygda finn du mange godbitar You Tube, der vi har vår eigen kanal. Du kan også følgja oss på Instagram, @sygnavgs, og på Facebook.

Opningsfest

Elles håper vi at alle nyt dei siste feriedagane. Skulestart med opningsfest er laurdag 17. august, medan første ordinære skuledag er måndag 19. august.

Eirik Thue