Dungeons and Dragons

IMG_3794, nær.jpg

Dungeons & Dragons

Innimellom eksamenar, skulearbeid, trening og ulike fritidsaktivitetar er det alltid tid til litt spel og moro.

I løpet av skuleåret har det danna seg fleire grupper som, meir eller mindre fast, har møttest for nokre timar med Dungeons and Dragons i veka. Dette er eit engasjerande terning-rollespel ofte sett til ei middelalderverd med både magi og monster i mange former. Spelet har detaljerte regelbøker og spesialterningar. Spelleiaren, også kalla Dungeon Master, tek utgangspunkt i Dungeon Master's Guide som skildrar reglane for korleis alt fungerer i Dungeons & Dragons-universet, men han har stor fridom til å utbrodere og utvikle reglane i “sitt univers”. I byrjinga av spelet vel spelarane klasse og rase og avgjer så, ved hjelp av terningar, eigenskapar og attributtar (styrke, smidigheit, kondisjon, intelligens, visdom og karisma).  Og så er det berre å sette ut på eventyr :-)

Magni Åm Risa