60 år eldre over natta

I helga som var, blei det arrangert eit arrangement utanom det vanlege på Sygna. Bileta på veggen i møtesalen blei bytta ut med veggtepper i spreke fargar, songbøkene med aviser og trommesettet med eit godt gammaldags piano. Då elevane ankom den totalt forvandla møtesalen var dei ikkje lenger 16, 17, og 18 år. Dei var 80, 85 og 90! Klokka 20:00 lørdags kveld arrangerte me eldrebingo. På programmet stod det alt frå strikkekonkuranse og kryssordkappløp til eldretrim og song, og ikkje minst: bingo med flotte premier som rosiner og potteplanter.

Ann-Kristin Brennsæter