Ei vellykka fotballhelg

I helga har stemninga vore på topp på Sygna. Miljøteamet har arrangert Champions League. Fredag kl 19:50 samlast omlag 50 elevar i gymsalen til opninga. Og kl 20:00 var me i gong. 12 lag skulle bli 8 innan helga var over. Vegg i vegg med gymsalen var det mogleg å kjøpe seg vafler, is, godteri, og mykje meir i eit fotball-dekorert klasserom. Det var russen som stod for salget. Det var og flytta inn sofaer der, kor slitne spelarar kunne setje seg å kvile. Etter ei vellykka fotballhelg gler me oss berre til ei ny helg me Champions League i april.

Ann-Kristin Brennsæter