God stemning på Bli-kjent helg

IMG_6361.JPG

Over 60 (forhåpentlegvis) framtidige elevar har denne helga vore på besøk på Sygna! Den årlege bli-kjent helga er ei viktig helg kor dei som har søkt på skulen neste skuleår vert invitert. Gjennom eit tettpakka og variert program får dei innblikk i korleis Sygnalivet er. Det var mørkegøymsel på skulebygget, informasjon om dei ulike studieretningane, 61 grader nord, idrettsaktiviteter, kreative aktiviteter, mykje speling, crazy games, søndagsmøte, cafe og mykje god mat. I tillegg til å få smake på internatlivet møter ein kanskje også nokon som ein vil gå i klasse med til hausten. Me håpar å sjå dykk alle att i august!

Elisabeth Nessa