Besøk av Feil Teater

Teatertruppen “Feil teater” imponerte tysdag heile elevflokken med underhaldande og energisk ”objektteater”. Ved hjelp av eigne kroppar og 5 enkle, små objekt visualiserte dei fartsfylte og intrikate historier. Publikum tok godt i mot deira versjon av Roal Dahls “Lamb to the Slaughter”, eller “Rett under nasen”, som dei kalte det. Vi fekk dessutan servert ein effektfull og humoristisk teikneserieteaterversjon av James Bond. Det er utruleg kva ein kan få til med fantasi, kroppskontroll og nokre enkle lyd- og lyseffektar! Her fekk russen mange gode tips til revyen :-)

Magni Åm Risa