Amazing Race

Sjåførar og deltakarar sit klare til fyrste utfordring, her er det oppgåver for både tanken og kroppen som skal løysast og utførast.

Laurdag stilte 10 bilar til start. Ferda gjekk først samla til Fjordtun oppvekstsenter, derifra var det rebusane som førte laga på villspor eller rett veg. Her var det full innsats frå første stund. Etter eit svært jamt løp, var det til slutt Vegard, Håvard, Sigrid, Peter og Andreas som gjekk av med sigeren. Gratulerer!

Magni Åm Risa