300.000 kroner til nytt kjøkken

– Dette er ein veldig god start, seier Anne Margrete Kråvik.

Administrasjonsleiaren på Sygna vidaregåande skule har henta fram kalkulatoren etter at vi sist veke starta ein storstila innsamlingsaksjon til det nye kjøkkenet som skal stå klart i god tid før jul.

Faste givarar

Vi siktar høgt, målet er å samle inn 1 million kroner før kalenderen viser 4. oktober 2020. I løpet av den første veka har mange støtta aksjonen.

Vi har fått fleire givarar som gir ein fast sum i månaden. Dette vil på eitt år utgjere kring 230.000 kroner. I tillegg har mange gjeve ein eingongssum rett på konto eller gjennom Vipps.

– Samla ser det ut til at vi ligg an til 300.000 kroner, slår Anne Margrete Kråvik fast.

Ho håpar fleire vel å ta i når Sygna no skal ta dette tunge økonomiske løftet. 12 millionar kroner kostar utbygginga.

Takk

– Vi er svært takksame for alle som har støtta oss så langt, og håper fleire vel å hive seg på, seier Kråvik.

Du kan enkelt støtte oss her:

https://knifgaver.mycornerstone.com/sygna

Vipps: 85687

Kontonummer: 3000 27 87608

Eirik Thue