Strålande nasjonaldag

Då var 17. mai vel overstått! Dagen starta med flaggheising, og god frukost i matsalen. Så kunne ein få skyss til kyrkja og tilbake, gå i tog frå Holmen til Belehalli; via Balehaugen der songlaget og russen song i lag. I Belehalli var det ulike innslag; dikt, dans og talar av tre ulike Sygna-elevar, mellom anna russepresidenten. Etterpå var den velkjente fotballkampen mellom raudruss og tiandeklassingar. Om ettermiddagen var det fest på bedehuset, og om kvelden var det åpent hus hos Eva og Kurt. Ein flott og varm dag, der Balestrand viste seg frå si beste side!

Eva bente Ohma