DSC_0885.jpg

Kva?

På Sygna vidaregåande skule har vi idrettsfag der du kan velja mellom breiddeidrett og fotball.

DSC_0821.jpg

Kvifor?

Idrettsfag på Sygna er eit godt val etter grunnskulen om du satsar på idretten din, er glad i trening, konkurranse og likar å vere i aktivitet. Ved å ta idrettsfag får du ei brei og grunnleggjande opplæring i idrett og trening. Tre år her gjev deg det beste grunnlaget for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanna deg i fleire ulike retningar. Ein del av våre tidlegare elevar har teke utdanning som fysioterapeutar, idrettslærar og sjukepleiarar.

Skjermbilde 2019-01-17 kl. 11.04.53.png

Korleis?

Vi har dyktige og engasjerte lærarar som underviser i dei valfrie programfaga fotball og breiddeidrett og i dei felles programfaga aktivitetslære, treningslære, idrett og samfunn og treningsleiing. I tillegg har vi fellesfaga engelsk, spansk, matematikk, naturfag, norsk og kristendom.

Vi jobbar kvar dag med følgjande: «Det beste for eleven...alltid».

Undervisninga på Sygna er kjent for at det er tett kontakt mellom elev og lærar, slik at eleven i arbeidet med faget kan testa si faglege forståing og utvikling mot læraren si undervisning og rettleiing. På Sygna har ein eit aktivt pedagogisk utviklingsarbeid, der vi gjerne tek i bruk undervisningsmåtar som kjem elevane til nytte. Vi ønskjer eit dynamisk pedagogisk miljø som alltid er på leit etter måtar undervisninga kan bli betre på.

Dei siste åra har idrett vore på ekskursjonar og turar både i nærmiljøet og utanfor landegrensene. Friluftslivturar, vintersportveke og ei vekes treningsopphald på Lanzarote har stått på menyen.