Skjermbilde+2019-01-31+kl.+15.27.38.jpg

Kva?

På Sygna vidaregåande skule har vi Kunst, design og arkitektur der du kan utforske og boltre deg i fleire ulike kreative sjangrar.

Skjermbilde+2019-01-31+kl.+15.31.45.jpg

Kvifor?

Tre år her gjev deg det beste grunnlaget for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanne deg i fleire ulike retningar. Tek du høgare utdanning kan du blant anna bli arkitekt, landskapsarkitekt, interiørarkitekt, produktdesigner, industridesigner, grafisk designer, kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar.

Skjermbilde+2019-01-31+kl.+15.33.15.jpg

Korleis?

Vi har dyktige og engasjerte lærarar som underviser i kunst, design og arkitektur. Du får blant anna opplæring i ulike teikne- og måleteknikkar, illustrasjon, animasjon, storyboard, skulptur, grafisk design, trykk og foto, samt mixed media, som er ei blanding av teknikkar i material inspirert av ulike periodar i kunsthistoria.

Vi jobbar kvar dag med følgjande: «Det beste for eleven...alltid». Vi har også eit tett samarbeid med Kunstbygda Balestrand og elevar på kunst, design og arkitektur har dei siste åra vore på studieturar til Roma.

DSC_5369.jpg

Fag

Fellesfag: Norsk, engelsk, matematikk (praktisk eller teoretisk), naturfag, framandspråk (spansk), kristendom, kroppsøving, samfunnsfag, geografi, historie, religion og etikk. Felles programfag: Kunst og visuelle virkemiddel, design og arkitektur. Valfrie Programfag: Matematikk R1 og R2, internasjonal engelsk, kristendom, sosialkunnskap, breddeidrett og toppidrett – fotball