Filtering by: Skule

Sep
4
12:00 PM12:00

Temasamling med Hans Johan Sagrusten

Temasamling: Dei fire evangelia – er dei pålitelege historiske dokument?

Funn av gamle tekstar har alltid pirra fantasien vår. Det er ikkje rart at krimforfattarar som Dan Brown og Tom Egeland byggjer bøkene sine rundt oppdaginga av gamle manuskript. Men

der krimromanene fortel fiktive historier, fortel Hans Johan Sagrusten frå Bibelselskapet om fakta og verkelege funn – i jakta på dei tidlegaste manuskripta til Bibelen.

 Sagrusten tek for seg dei viktigaste funna dei siste hundreåra: Kor gamle er dei eldste manuskripta ein har funne av Bibelen, kva er forhistorien deira, og korleis vart dei funne?

Hans Johan Sagrusten (1970) er teolog, bibelomsetjar, forfattar og forlagssjef. Han har i ei årrekke studert teksthistoria til Bibelen og skrive fleire bøker om emnet, blant anna «Det store puslespillet», som er selt i 6000 eksemplar og omsett til fleire språk.

View Event →