Skjermbilde+2019-02-05+kl.+09.16.53.jpg

Kva?

Sygna tilbyr det yrkesfaglege utdanningsprogrammet VG1 helse - og oppvekstfag med høve til å gå vidare på VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag eller VG2 helsearbeidarfag. Etter VG2 kan du ta Påbygg til generell studiekompetanse på Sygna eller du kan søkje om læreplass.

Skjermbilde+2019-02-05+kl.+09.15.51.jpg

Kvifor?

Vel du å ta tre år her på Sygna får du det beste grunnlaget for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanne deg i fleire ulike retningar. Tek du høgare utdanning kan du velje å bli sjukepleiar, lærarar eller barnehagelærar. Tek du to år med yrkesfagleg opplæring på Sygna kan du blant anna bli helsefagarbeidar, ambulansearbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller helsesekretær.

Skjermbilde+2019-02-05+kl.+09.17.14.jpg

Korleis?

Vi har eit tett samarbeid med stiftinga «Livsglede for eldre», der vi lagar aktivitetar for eldre som bur ved Balestrand Helsetun. Vi har også eit samarbeid med Sagatun skule, der vi er inne i ein klasse nokre timar for veka. Prosjekt til fordjuping er eit fag der du skal sjå nærare på eit yrke innanfor helse og oppvekst. Her ligg det inne to praksisperiodar kvart skuleår der du kan ha praksisen i din heimkommune.

Vi har dyktige og engasjerte lærarar som gjennom undervisninga gjev deg kompetanse om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdomar, skader og lidingar, om barn og unge si utvikling, om kost, ernæring og hygiene og om kommunikasjon og sosial kompetanse.

Vi jobbar kvar dag med følgjande: «Det beste for eleven...alltid».

DSC_5369.jpg

Fag

Fellesfag: Norsk, naturfag, matematikk, engelsk, kroppsøving, kristendom, samfunnsfag. Programfag: Kommunikasjon og samhandling, helsefremjande arbeid, yrkesutøving og ykesfagleg fordjuping.