Idrettsfag på Sygna - kva er det?

Kanskje du lurer på korleis kvardagen som elev på idrettslinja på Sygna VGS ser ut? Les i så fall vidare!

1) Omtale av utdanningsprogrammet idrettsfag 
a) Filmar laga av elevar på idrettsfag
b) Tekst og bileteversjon (presentasjon).
c) Kvardagsglimt frå idrettsfag på Sygna
d) For rein tekstversjon, les vidare lenger ned på denne sida.

2) Omtale av utvalde fag og ekskursjonar
--> Fotball (toppidrett)
--> MIX (breddeidrett)
--> Individuell toppidrett

--> Ekskursjonar/turar på idrettsfag 

 

Rein tekstversjon:

Skapt til aktivitet!
Idrettsfag er for deg som er glad i trening og å vere i aktivitet – både i og etter skuletida. Idrettsfag på Sygna er eit godt val for deg som ynskjer å vere mykje i aktivitet/trening gjennom skuledagen på vegen mot studiekompetanse. 

• I VG1 har du ca 10 skuletimar trening/aktivitet i veka
• I VG2 har du ca 12 skuletimar trening/aktivitet i veka
• I VG3 har du ca 12 skuletimar trening/aktivitet i veka (Elevar som har spansk 1+2 siste året, har ca 7 timar med trening/aktivitet i veka)

Eigentrening og trening/kampar med lag kjem i tillegg. 

På idrettsfag får du ei brei opplæring i og erfaring med ulike idrettar (innebandy, orientering, frisbee osb.) og basistrening (trening av uthald, styrke, rørsle, koordiansjon m.m.). Du lærer mykje om å trene på eiga hand gjennom ein lengre eigentreningsperiode kvart skuleår. 

Vidare kan du fordjupe deg i fotball eller ein MIX av ulike idrettar (les meir om valfrie programfag under) 

Du får gode faglege opplevingar på turar/ekskursjonar. Her vert du godt kjend med medelevar og lærarar. Haust og vår er det friluftslivturar i fjellet og ved kysten. Les meir om ekskursjonane på Sygna

På Sygna er det kort veg til gode fasilitetar for trening og aktivitet:
• Fotballbane/løpebane rett ved skulen/internatet
• Idrettshall med treningssenter og skytebane like ved skulen
• Gymsal og enkelt treningsrom opent for alle elevar på skulen
• Eit nettverk av stiar for springing, sykling og turar rett ved skulen
• Naust med kajakkar og kanoar til bruk på Sognefjorden
• Preparerte skiløyper og enkelt skitrekk som er godt egna for jibbing om lag 30 min frå skulen 

Skapt til samarbeid og til «å spele andre gode»
Trening og aktivitet føregår ofte i fellesskap og samarbeid med andre. Nokre eksempel frå kvardagen på Sygna:

• Vel du fotball vert du ein del av Balestrand IL sine seniorlag. Tilbodet for 2017-sesongen er eitt herrelag (5.div), eitt damelag (3.div.) og eitt gutelag, 15-17 år.
• I faget treningsleiing har du saman med medelevar ansvar for idrettsskulen i Balestrand.
• Du vil få øving i og erfaring med at samarbeid med medelevar, lærarar og trenarar er viktig og nyttig for trening/læring.
• I internatlivet på Sygna er det alltid kort veg til medelevar som du kan trene/øve saman med. 

Vel du idrettsfag, får du ein skulekvardag med både praktiske og teoretiske fag:

1) Fellesfag (teorifag). Sjå http://www.udir.no/kl06/ID/ og sjå oversikt over dei ulike åra.   

2) Felles programfag:
• Aktivitetslære (praktisk fag) med friidrett, orientering, basistrening, innebandy, handball, basketball, dans m.m. og friluftsliv 
• Treningslære (teoretisk fag) kor du lære om treningsplanlegging, korleis kroppen er bygd opp og fungerer, treningsmetodar, trening og helse m.m. 
• Idrett og samfunn (teoretisk fag) kor du lære om idrettshistorie, korleis idretten er organisert m.m. 
• Treningsleiing (praktisk og teoretisk fag) med planlegging og gjennomføring av arrangement, ansvar for å leie aktivitet for eigen klasse, idrettsskulen i Balestrand kor du får aktivitetsleiarkurs  

3) Valfrie programfag. På Sygna du kan velje mellom: 
a) Fotball (toppidrett 1, 2 og 3)
Spelar du fotball aktivt og ynskjer å vidareutvikle deg som fotballspelar i eit trygt og godt fellesskap? Som elev på fotball må du spele fotball på eit lag, at du er treningsvillig og ynskjer å utvikle deg som spelar. Då vil du få rettleiing og god oppfylging med fokus på dine eigenskapar og for å utvikle deg som lagspelar. På Sygna kan du kombinere vidaregåande skule med å spele fotball i og utanfor skuletida. Dette er noko av det som møter deg i løpet av tre år med fotball på Sygna: 

Treningskvardagen
• To økter i veka med ball i skuletida. Ca 90 min pr økt.
• Trening av uthald, styrke og spenst og balanse og kordinasjon og skadeforebyggande trening (basistrening)
• Årleg eigentreningsperiode
• Trening med klubb. To treningsgrupper for herre og ei for dame.

Fasilitetar for trening
• Kunstgrasbane med nytt toppdekke våren 2016 rett ved skulen. 
• Idrettshall med treningssenter rett ved skulen
• Gymsal og enkelt treningsrom opent for alle elevar på skulen
• Alltid kort veg til medelevar som du kan trene/øve saman med.
Sjå meir over 

Kampar/turneringar
• Sygna har tett samarbeid med Balestrand idrettslag (BIL) med fylgjande aktuelle lag: 
     - 3.div damer
     - 5. div herrar
     - Gutelag, 15-17 år 
• Sygna stiller normalt damelag og herrelag i skuleturnering for VGS-lag i fylket.
• Vinterserie for junior
• BIL deltek med lag både i Førde Cup og KM innandørs (futsal) 

Ekskursjonar og hospitering
• Vi ser minst ein heimekamp for Sogndal i løpet av skuleåret. 
• For elevar som ynskjer å trene på eit høgare nivå, legg vi til rette for hospitering hjå Sogndal fotball (herre) og Kaupanger IL (dame)
• Les meir om felles ekskursjonar på idrettsfag over.

b) MIX (Breddeidrett 1, 2 og 3)
Er du glad i å trene og å prøve ut ulike idrettar og aktivitetar? Då er MIX på Sygna faget for deg. I løpet av tre år på MIX kan du få opplæring i og kjennskap med fylgjande: 

Lagidrettar
• Baseball/softball
• Rugby
• Volleyball/sandvolleyball
• Fotball 

Individuelle idrettar
• Langrenn
• Badminton
• Frisbeegolf
• Skyting

Basistrening og eigentrening
• Opplæring i og trening av uthald, styrke og spenst, rørsle og koordinasjon
• Årleg eigentreningsperiode

Dans og fysisk aktivitet og helse
• Tabata
• Dans frå ulike kulturar

Dagsekskursjonar
• Golf
• Squash
• Skiskyting
• Terrengsykling
• Rafting/elvebrett
• Les meir om felles ekskursjonar på idrettsfag over.

c) Individuell toppidrett
Dette valet krev at du gjer avtale med ein klubb om trening, oppfylgjing og konkurranse innanfor idretten din. Eksempel på idrettar kan vere: 
• Friidrett (gode treningstilhøve på Sygna)
• Skiskyting (gode treningstilhøve og treningsmiljø i Vik)
• Sykling
• Motbakkeløp/terrengløp (gode treningstilhøve i Balestrand)
• Skyting (gode treningstilhøve i Balestrand)

Du må ta kontakt med skulen for å diskutere rammene for faget før du kjem til skulen. Ta kontakt med Henning om dette er aktuelt for deg!

Lenkjer
• Ekskursjonar Sygna tilbyr deg som vil gå idrettsfag
• Filmar om det å vere elev på idrettsfag på Sygna
• Les meir om kva det vil seie å vere elev på idrettsfag på Sygna
• Info om idrettsfag på udir sine heimesider
• Søke om skule (og internatplass)

Kontakt oss viss du har spørsmål!
• Johannes, jn@sygna.vgs.no (Fotball, aktivitetslære og treningsleiing.
Leiar for idrettsfag.)
• Vegard, vn@sygna.vgs.no (MIX, aktivitetslære og treningslære.)
• Henning, hbs@sygna.vgs.no (Treningsleiing, idrett og samfunn og individuell toppidrett. Leiar for fotballgruppa i Balestrand idrettslag.)
• John Sverre Aarseth, jsa@sygna.vgs.no (Fotball, aktivitetslære, treningslære)
• Bjørg, baa@sygna.vgs.no (Rådgjevar)

Vi håpar at artiklane og videoane over gjev deg eit lite innblikk i kva som ventar deg som elev på idrettsfaglinja på Sygna VGS.

Velkommen til å søke som elev på idrettsfag på Sygna VGS!

Helsing
Idrettsseksjonen på Sygna VGS